|
| |
Årsmelding 2007
Styret har i 2007 vore samansett slik:
Leiar: Mona Dalen
Skrivar: Esther Johme
Kasserar: Grethe Klevebråten
Styremedlem: Marit Fjelltun
Styremedlem: Anette Hougsrud
Varamann: Tidemann Kolsrud
Revisorar: Tore Hovda og Nils Rogn
Valnemnd: Arvid Bjørgo, Aud Bergene og Ola Helge Fløene
Årsmøtet
Laget held årsmøtet sitt på Valdres
Folkemuseum den 29. januar 2007.
Medlemskveldar
Laget har hatt
medlemskveldar på Valdres Folkemuseum den 2. måndagen i månaden med unnatak av
sommarmånadene juni-august. Frammøtet har vore veldig bra.
På medlemskvelden 8. oktober gjekk Ola Helge
Fløene gjennom bruken av digitalarkivet.no, og synte fram kva som ligg der og
korleis ein finn fram.
Museet flytta i haust studiesenteret med alt
arkivmateriale til den fremste delen av administrasjonsbygningen. Dette gjer at
studiesenteret er det fyrste ein møter innanfor inngangsdøra, og brukarar på
dagtid slepp dermed å gå gjennom eit langt kontorlandskap for å koma fram.
Studiesenteret har opningstid frå kl. 08.00 til 15.15.
Laget har pr. 31/12 2007 51 medlemer.
Rundskriv
Styret har hatt to styremøte og sendt ut to
rundskriv med aktivitetsplan og anna informasjon til medlemmene, eitt kvart
halvår.
Arkivturar
Laget hadde også i år to
fellesturar, ein til statsarkivet i Hamar onsdag den 21. mars og ein til
Utvandrarmuseet på Ottestad måndag den 19. november.
Kurs og seminar
På etterjulsvinteren hadde laget to kurs i
samarbeid med Bygdefolkets Studieforbund. Ola Helge Fløene held kurset ”Frå
kyrkjebok til slektsbok” i redigering og bildebehandling. Kurset hadde 6
deltakarar. Dei held til i fyrste etasjen på museet samstundes som Mona Dalen og
Grethe Klevebråten held kurs i slektsgransking for nybyrjarar på loftet. Dette
kurset hadde også 6 deltakarar. Begge kursa gjekk over åtte onsdagskveldar á tre
timar. Felles kaffepause gav deltakarane høve til å bli kjende med kvarandre.
Laurdag den 10. november var det seminar på
loftet på museet frå kl. 09.00 til 16.00. Temaet var Det ”Norske” Amerika.
Valdrisar i Midt-Vesten: migrasjon og tilpasning. Seminaret var ved Terje
Mikael Hasle Joranger, og hadde 17 deltakarar.
Digitalarkivet / DIS-Norge
I pensjonatrommet til Valdres Slektshistorielag
er fylgjande data tilgjengeleg:
1875-telling for 0542 Nord-Aurdal, Døypte i Aurdal 1730-1739, Konfirmerte i
Nord-Aurdal 1809-
1815, Døypte i Hedalen sokn i Sør-Aurdal prestegjeld 1849-1876, Døypte i Bagn
sokn i Sør-Aurdal prestegjeld 1894-1910, klokkarbok.
Fleire av medlemmene i laget har også arbeidd med fotografering og registrering
av gravminne på kyrkjegardane i Valdres. Dette arbeidet blir lagt ut på
DIS-Norge sine sider under prosjektet ”Gravminner i Norge”.
Amerikatur
I samarbeid med Valdres Folkemuseum v/ Jahn Børe
Jahnsen fekk styret til eit flott program for slektstur til Midt-Vesten i juni.
Dessverre vart det ikkje nok påmeldte, då utgangspunktet var minst 30 deltakarar.
Reisearrangøren utarbeidde på førespurnad opplegg for ei mindre gruppe, men på
grunn av ferieavvikling hjå arrangøren kom det nye tilbodet til oss altfor tett
innpå avreisedatoen. Turen vart difor ikkje noko av. Men kanskje dette er noko å
ta oppatt eit anna år.
Røn, 14. januar 2008.
For styret, Mona Dalen
|